Visuell kunst formidlar gjerne heilskapleg gjennom sansane, den kan opplevast. Den kan frastøyte eller fryde, få ein til å glise eller grine. Ikkje minst kan den brukast til å få betraktaren til å tenke. Å bruke kunst aktivt i arbeidet mot ei meir medviten og berekraftig verd, vil truleg nå inn på ein anna måte enn rein teoretisk forsking, fordi den ikkje går omvegen via ord, men talar direkte til sjela. Øko-design fungerer som ein brubyggjar i det naturfaglege og det kunstfaglege samarbeidet. Ein treng det beste frå begge felt for å få til eit vellukka, økologisk berekraftig design, der summen blir større enn delane.
Kunst og øko-design dannar bakteppe for denne samtalen der fokus er på berekraft i design av scenografi i teater- og operaverden. Janne fortel mellom anna om det tverrfaglege og globale Global Science Opera, som ho er produksjonsleiar for. Ho fortel også om det overordna målet for arbeidet hennar, eit mål som ikkje er av dei små.
Velkommen til podkasten 17-målspodden. Podkasten lages av Siri Smith og Knut Vindenes, som er ansatt på HVL.
Navnet til podkasten reflekterer FNs 17 bærekraftmål: https://fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal
Vårt mål med podkasten er at de ulike episodene vil gi deg innsikt i hvordan både HVL og ulike aktører i samfunnet, som politikere, næringsliv, offentlige og frivillige organisasjoner, osv. jobber med bærekraftig utvikling.
Vi minner om at bærekraftmålene til FN skal være innfridd i 2030, så tiden begynner å bli knapp.
Om du har tips til tema, personer, eller prosjekt vi burde lage en episode om, så tips oss gjerne med å sende en epost til Siri: Siri.Smith@hvl.no