Mat og måltid blant eldre

I Gloppen er det kommunale kjøkenet i sentrum for kommunen sitt mattilbod. Kjøkensjef, Gunnvor, fortel om kortreist mat og variasjon i kosten. Elfrid leier dei frivillige, som køyrer maten ut til eldre heimebuande. Ikkje ein gong på julaftan sviktar matleveringa.

What is Mat og måltid blant eldre?

Podcastserien Mat og måltid blant eldre handlar om korleis kommunar kan jobbe for å skape gode måltidsopplevingar og hindre underernæring blant eldre. Vi får høyre frå fire kommunar at mat er meir enn rett ernæring. Det er også sosiale møte, sansar som vaknar til live og auka livskvalitet. Podcasten er laga av Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforskning i samarbeid med Statsforvalteren, KS og USHT.