Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling

Korleis var det å vere kvinne i eit yrke der menn sette premissa, og korleis er situasjonen i dag? I denne episoden tar vi deg med frå Sonja Giil, den første kvinnelege studenten i 1910, til notidas arbeid for likestilling i akademia og arbeidsliv. 
Gjestar: Kristin Fanebust Hetland, Lise Bjørkhaug Gundersen og Michelle Sæther.

What is Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling?

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan teknologi, innovasjon og berekraft. Gjennom generasjonar har ingeniørar frå HVL vore med på å forme Vestlandet. Dei har konstruert bruer, vegar og energisystem, utvikla industri, sikra samfunnstryggleik, styrkt digitaliseringa og drive fram nye løysingar i møte med store samfunnsutfordringar. I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling, teknologisk utvikling i rekordfart og eit akutt behov for innovasjon.