Bak maska - Teater Vestland

Cecilie Grydeland Lundsholt har vore teatersjef i snart eitt år, og her gjer ho opp status i samtale med sjefen, styreleiar Rasmus Mo. Som mange andre trudde ho at pandemien skulle vere over innan 2021. Ho hadde programmert ein komedie og ei gøyal familieframsyning for å feire gjenopninga av landet - i staden vart det latter på blå resept for å komme igjennom den tunge tida. Éin gong måtte ho gå på kontoret for å gråte ein skvett, kjem det fram i denne podkasten.

What is Bak maska - Teater Vestland?

Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Sunnfjord.