Subscribe
Share
Share
Embed
På livesending fredag 25. november tok Umami og Baklengs inn i Lånekassa for seg både matnytt om pepperkaker og allting ost. Vi har anmeldt Nova-lunsjen, og gjev deg også råd til kva du bør gjere framover til jul! I tillegg vankar smakstest og rating av ein viss chips frå Sørlandet. I studio høyrer du; Ragnhild Eikeland (Umami, og teknikk) og Ive van Oorschot (Baklengs inn i Lånekassa).
Ein kan korkje sjå, smaka, eller lukta mat over radiobølgjene, men det hindrar ikkje Umami frå å forsøkja likevel! Tune inn fredagar 17:00-18:00 og djupdykk med oss i nye tema om alt innan mat - og mykje meir.