Subscribe
Share
Share
Embed
Mat skapar miljø og engasjerer både friske og sjuke eldre. Frå Kinn høyrer vi Jorunn, Elisabeth, Tore og Anne. Dei jobbar alle på kvar sin måte for å skape gode dagar for dei eldre, gjennom mat og måltid.
Podcastserien Mat og måltid blant eldre handlar om korleis kommunar kan jobbe for å skape gode måltidsopplevingar og hindre underernæring blant eldre. Vi får høyre frå fire kommunar at mat er meir enn rett ernæring. Det er også sosiale møte, sansar som vaknar til live og auka livskvalitet. Podcasten er laga av Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforskning i samarbeid med Statsforvalteren, KS og USHT.