Subscribe
Share
Share
Embed
Fleire kommunar kjem på førebyggande heimebesøk til eldre. I denne episoden fortel Sønneve frå Bergen og Bjørg frå Bjørnafjorden om korleis førebyggande heimebesøk kan setje ernæring, måltid og mathandling på dagsorden.
Podcastserien Mat og måltid blant eldre handlar om korleis kommunar kan jobbe for å skape gode måltidsopplevingar og hindre underernæring blant eldre. Vi får høyre frå fire kommunar at mat er meir enn rett ernæring. Det er også sosiale møte, sansar som vaknar til live og auka livskvalitet. Podcasten er laga av Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforskning i samarbeid med Statsforvalteren, KS og USHT.