Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling

Det er omstilling i næringslivet og omstilling i høgskulen. Vi går inn i ein formande periode. Samspelet mellom ingeniørutdanninga og næringslivet utviklar seg, samtidig som politiske føringar verkar inn. 
Gjestar: Ole-Gunnar Søgnen og Trond Mohn.

What is Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling?

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan teknologi, innovasjon og berekraft. Gjennom generasjonar har ingeniørar frå HVL vore med på å forme Vestlandet. Dei har konstruert bruer, vegar og energisystem, utvikla industri, sikra samfunnstryggleik, styrkt digitaliseringa og drive fram nye løysingar i møte med store samfunnsutfordringar. I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling, teknologisk utvikling i rekordfart og eit akutt behov for innovasjon.