Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling

På slutten av 1800-tallet er Bergen i sterk endring. Industrien veks fram, fabrikkpiper reiser seg, og nye behov oppstår i ein by som plutseleg har vassverk, gassverk, verkstader og produksjon i rask utvikling. For å bygge denne nye byen trengs fagfolk som kan meir enn handverk – dei må kunne måle, teikne, konstruere og forstå maskiner, bygg og infrastruktur i eit moderne samfunn.

Det er i dette landskapet Bergen Tekniske Skole blir etablert. Skulen markerer eit skifte: handverk blir løfta mot vitskap og systematisk teknisk utdanning. I dei første tiåra opplever både byen og skulen vekst og optimisme.

I 1911 vedtar Stortinget å etablere en ingeniørutdanning i Trondheim (seinare NTNU). Dei tekniske skulane blir nedskalert frå treårige til toårige utdanningar, noko som skapar utfordringar for Bergen. Mellomkrigstida kjem med økonomiske nedgangstider, men skulen held stand.
Under andre verdskrig er forholda tronge, men søkargrunnlaget er framleis godt. Både lærarar og studentar deltar i motstandskampen, og skulen heldt fram med å være ein viktig kunnskapsinstitusjon for byen.


Gjester: Morten Hammerborg og Håvard Brede Aven.

What is Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling?

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan teknologi, innovasjon og berekraft. Gjennom generasjonar har ingeniørar frå HVL vore med på å forme Vestlandet. Dei har konstruert bruer, vegar og energisystem, utvikla industri, sikra samfunnstryggleik, styrkt digitaliseringa og drive fram nye løysingar i møte med store samfunnsutfordringar. I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling, teknologisk utvikling i rekordfart og eit akutt behov for innovasjon.