Subscribe
Share
Share
Embed
Høyr regissør Linn Meyer Kongshavn og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakke om årets første produksjon på Teater Vestland: Gratis og uforpliktande verdivurdering, basert på boka til samtidsforfattar Marit Eikemo. Det er ein styrke at så mange kan kjenne seg att i karakterane, men også litt skummelt. Korleis vil publikum oppleve samtidsdramatikk som til dei grader er tett på tida vi lever i?
Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Sunnfjord.