Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling

Korleis skal Vestlandet og Norge lukkast i overgangen frå olje og gass til fornybar energi? I denne episoden ser vi framover mot 2050 og diskuterer kva behov næringsliv og samfunn står ovanfor i ei tid prega av klimautfordringar, teknologisk utvikling og kunstig intelligens.
Gjestar:  Jens Kristian Fosse (dekan HVL) og Mathias Fischer (Initiativ Vest). 

What is Ingeniørane som bygde Vestlandet - 150 år med utdanning og utvikling?

I 2025 markerer Høgskulen på Vestlandet ein stolt milepæl: 150 år med ingeniørutdanning. Sidan oppstarten i 1875 har utdanninga utvikla seg frå ein lita teknisk skule med fokus på praktiske ferdigheiter til å bli ein sentral kunnskapsaktør i regionen – og ein viktig nasjonal bidragsytar innan teknologi, innovasjon og berekraft. Gjennom generasjonar har ingeniørar frå HVL vore med på å forme Vestlandet. Dei har konstruert bruer, vegar og energisystem, utvikla industri, sikra samfunnstryggleik, styrkt digitaliseringa og drive fram nye løysingar i møte med store samfunnsutfordringar. I dag står utdanninga midt i ein epoke prega av grøn omstilling, teknologisk utvikling i rekordfart og eit akutt behov for innovasjon.