Bak maska - Teater Vestland

Teater Vestland sin versjon av Grevinna & hovmeisteren er ein smart komedie som glir inn i samtida og eit politisk landskap, der det ikkje alltid er så lett å vite kva som er korrekt. Humor må ha ei meining og ikkje vere stereotypi for stereotypiens skuld, seier regissør Bjørnar Lisether Teigen og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i denne episoden av Bak maska. På den andre sida vil dei gjere noko med dei opplever som eit misforhold. «På vorspiel med minoritetar til stades er det mykje større takhøgde enn i det offentlege rom. For å motverke polarisering i samfunnet bør vi prøve å møtast litt meir på midten.»

What is Bak maska - Teater Vestland?

Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Sunnfjord.