Bak maska - Teater Vestland

Lene Therese Teigen har skrive Mødrevariasjonar som vi opnar 2023 med her på teateret. I samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt fortel ho at ho er litt av ein matte- og skjemanerd.

4 skodespelarar fyller 16 roller. Teigen er opptatt av å skape gode roller for kvinner, som noko meir enn bikarakterar i menns liv. Det handlar ikkje berre om kvinnesak. Det skjer noko interessant når éin skodespelar har fleire roller og det er tydeleg for publikum at hen går frå den eine til den andre. Skodespelaren kjem meir fram som seg sjølv på scena.

What is Bak maska - Teater Vestland?

Teater Vestland sin podkast har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Podkasten er produsert av Rakkar og distribuert via Sprei, den lokale innhaldsplattformen i Sunnfjord.