I denne kavalkaden av ein episode legg Umami ut på ei reise for å finne kulinarisk julestemning. På vegen besøker vi julemarknaden på Norsk Folkemuseum og smakar blant anna på ein heilt spesiell julemattradisjon frå Jæren. Vi byr også på julequiz om både norske og utanlandske julemattradisjonar der du lett kan spele med medan du lyttar! Til sist får du høyre korleis det gjekk då redaksjonen skulle kokkellere fram ein heilt vegansk og glutenfri julemiddag frå botnen av på vårt interne julebord. Kom i julestemning gjennom smakssansane med oss i Umami - meir enn berre mat! Med og av: Ragnhild Eikeland, Sanne Larsen, Brage Haaland-Paulsen, Tuva Hassel og Emily Solem-Young.
Ein kan korkje sjå, smaka, eller lukta mat over radiobølgjene, men det hindrar ikkje Umami frå å forsøkja likevel! Tune inn fredagar 17:00-18:00 og djupdykk med oss i nye tema om alt innan mat - og mykje meir.