Subscribe
Share
Share
Embed
Umami og Radio Novas heilt eigne litteraturprogram, Tekstbehandlingsprogrammet, har gått saman om eit visst tema denne veka. Vi tek nemleg føre oss kokebøker! Kokebokas historie, kokebokterminologi-quiz og vurdering av Kristines heimebaka rundstykker/kavring er berre noko av det du kan høyre om dersom du tek ein lytt. Med og av: Cathrine Mosvold (også på teknikk), Ragnhild Eikeland, Tuva Hassel og Kristine Brusdal.
Ein kan korkje sjå, smaka, eller lukta mat over radiobølgjene, men det hindrar ikkje Umami frå å forsøkja likevel! Tune inn fredagar 17:00-18:00 og djupdykk med oss i nye tema om alt innan mat - og mykje meir.